Eg har aldri sagt eit einaste ord. Eg veit ikkje kva ordet «ord» er for noko.
Ord er ikkje språket mitt. Eg tenker ikkje med ord og setningar, eg tenker med kjenslene, intuisjonen og sansane mine. Det gjer i grunn du og, sjølv om du synst det er vanskeleg å forstå den ordlause måten eg gjer det på. Har du nokon gong tenkt på at det kan vere vanskeleg å forstå måten du er på óg? Eg til dømes, eg skjønnar ikkje alltid kva du gjer eller kva du vil. Eg skjønnar at du snakkar til meg, eg skjønnar at det er noko du prøvar å fortelje meg. Men eg snakkar ikkje med ord, eg snakkar eit anna språk. Vil du lære språket mitt?
Når vi skal til skulen på morgonen og eg stoppar opp i innkøyrsla og står heilt stille, når beina er som limt fast i bakken, og du seier at eg må å sette meg inn i taxien – så betyr det at eg vil høyre på lyden av bilmotoren. Bilane har forskjellige lydar, og nokre gonger treng eg å høyre korleis dagens taxi høyres ut før eg set meg inn. Då blir eg frustrert når du tek meg om armane og prøvar å få meg med inn før eg er klar.
Når eg dunkar hovudet mitt i veggen – så betyr det til dømes at eg vil høyre på ein annan song enn den du har satt på. Eg skjønar ikkje heilt kva ein song er, eller kva musikk er for noko, men det gjer ingenting, for kroppen min skjønnar det. Nokre gonger er det faktisk som om dei to snakkar saman – musikken og kroppen min altså. Som om lydane tek eit hardt tak heilt inn til skjelettet og gjer at eg nærmast lettar frå stolen min. Nokre gonger blir du redd når det skjer. Du trur eg skal få eit epileptisk anfall, men ta det med ro, eg berre dansar.
Når eg hyler høgt inne frå rommet mitt når du trur eg har sovna, etter du har bredd dyna over meg og skrudd av lyset. Etter du har skunda deg ut for å fylle inn papir og rapportar om korleis eg har oppført meg i løpet av dagen – kjappast mogeleg slik at du akkurat kan rekke ein buss du helst skulle nådd – då betyr hylet at eg ikkje er klar for å ligge åleine her i mørket enno, og det sårar meg at du bestemmer at eg skal sove no. Når du finn meg liggande på golvet medan eg slår meg hardt mot tinningen med knytta neve, så betyr det at eg treng at du tek ein seinare buss.
Når du sit ved sidan av og passar på meg i badekaret, og eg ser at du prøvar å gøyme deg medan du tørkar vekk det som renn frå auga dine. Når eg rekk ut handa mi frå badevatnet og legg ho på di, så betyr det at vi godt kan bytte roller for eit augeblikk – då passar eg på deg.
Skrevet av Solveig Villung
27/12/2022 at 19:38
Kjære Solveig Villung, herregud så sterkt, så vakkert, så fint. Tusen takk, jeg lærte mye om språk ved å lese det du skrivet. At språk ikke bare er ord. Takk.