«Ikkje alle passar inn i denne jobben, det er ikkje berre å setje inn ein vikar eller overtallig.
Du må verkeleg like meg.»
Ragne Larsen er mor. Og blogger. Jeg har lenge tenkt at jeg skulle invitere henne som gjesteblogger her, da hun skriver innlegg som er viktig også for oss vernepleiere å lese. Når jeg så denne teksten, som først er publisert på bloggen «På randen med Ragne», ba jeg henne om å få lov til å republisere den her. Du forstår sikkert hvorfor når du leser videre.
Hei du som skal jobbe med meg, eg treng at du likar meg
Av Ragne Larsen
Det er så lett å tenke praktisk når ein skal ha med born med autisme å gjere, eller for den del andre born med spesielle behov.
Skulen har ein assistent, kommuna har kanskje ein person som er overtallig, som dei jobbar med å få inn i annan jobb, eller ein har ei søkjar liste som ein skal gå ut i frå med visse kvalifikasjonar.
Og alle desse kan jo gå inn og gjere ein fantastisk jobb med bornet som har spesielle behov, ikkje sant?
Treng kanskje litt kursing, litt opplæring, så vil det her funke som fot i hose?
Sanninga er nei.
For skal du klare å gjere ein fantastisk jobb med eit born som mine, så må du like dei.
Verkeleg like dei.
Du må ikkje minst ha kjemi.
Ofte vert det tatt for gitt at born som ikkje har språk, dårleg språk eller har språk men kommunisere ikkje godt alikevel ikkje «bryr» seg om kven som passar på dei.
At bornet ikkje «bryr» seg om korleis kvardagen deira er, og at dei ikkje «bryr» seg om behov som måtte dukke opp, at dei ikkje er tilstades, sidan dei er meir opptatt av å resonere rundt propell festet til Blucher og ikkje matematikk.
Ehh…. Er det nokon her i verda som BRYR seg, så er det nettopp borna som ikkje skjønar den verda dei er i!
Dei bryr seg så mykje at dei treng ein vaksen som kan bry seg MED dei!
Uønska adferd har ofte grobotn i ei misforståing ein eller annan plass, «eg vil ikkje» kan like så godt kan være eit teikn på usikkerheit, og eit verktøy for å rømme frå ein situasjon- som ein kanskje ville meistra om den som jobba med dei skjøna det, at dei rømte.
Skjøna dei, likar dei, ser på dei som ein spanande og interessant personar
Du som skal jobbe med born som mine må kunne humre inni degsjølv når du får kommentarar som ikkje passar heilt inn.
Som at håret ditt er skjeivt, liknar eit kråkereir eller om du kanskje har ein parykk?
Fordi det er det det er.. ord.. observasjonar.. ein spade for ein spade.. ikkje frekkhet og ufinhet.
Du må ha evne til å motivere langt utover det som er forespeila for andre born, og vere kreativ på kanten til ekstrem tidvis for å drive bornet framover.
Bornet som ikkje kan drive segsjølv framover åleine.
Du må finne det facinerande i mennesket, samtidig som du må erkjenne utfordringa som diagnosa gir.
Du må også tåle at svært få andre ser den jobben du gjere, også dine kollegaer.
Fordi den jobben du gjere er like usynleg mange gonger som den er konstant.
Den foregår frå det minuttet bornet du jobbar med kjem på skulen, avlastning eller blir henta heime av støttekontakt.
Og frå det sekundet så er du PÅ, du må vere PÅ.
Møte bornet, sjå bornet, i mange periodar vere bornets stemme uttad, samstundes som du må jobbe for å få fram evner som ligg der, latent, uferdige, som må lokkast og lurast fram.
Men vit at mamma ser det, ser din jobb, din innsats.
Det kan forresten vere ein fordel å tåle mamma.
Sjølv om mamma kan vere travel, slitsom ,krevjande, ja, kanskje til og med urimeleg i dine auge?
Du skal ikkje tåle at mamma er ufin, men det hjelpe godt på at du skjønar mamma litt.
At ho kjempar for det kjæraste ho har, at ho ynskjer så indeleg at bornet hennar skal få kvalitet, verdighet, omsorg og respekt- når ho sjølv ikkje er der og gir det.
At her kan ikkje ting vere «godt nok», her bestrebe ho perfeksjon.
Om ho vil eller ikkje- det er berre sånn det blir.
Om du likar meg, likar å vere med meg, syntes at eg er ein interessant person, og ser framsteg der andre ser utfordring, då er du på rett veg.
Då kan mirakel hende på di vakt.
Men berre då.
Ikkje alle passar inn i denne jobben, det er ikkje berre å setje inn ein vikar eller overtallig.
Du må verkeleg like meg.
…..
Ragne skriver følgende om seg selv på sin egen blogg (som jeg absolutt anbefaler dere å følge):
Ragne Beate er en rastløs sjel, tidvis propell og med eit brennande engasjement for autisme, tilrettelegging, mestring, gode holdninger, informasjon og åpenhet.
Men og sårbar og ydmyk..
Bloggen min blir eit innblikk i mitt «annerledes» liv som mamma og stemamma til barn med og uten autisme, og korleis vi løyser våre utfordringar. 🙂
24/05/2016 at 14:18
En tjenesteyter må ikke like brukeren men man må kunne forholde seg profesjonell til brukeren og slik jeg ser det er det to forskjellige ting.
24/05/2016 at 18:17
Steinar Wangen: både som fagperson og mor er eg uenig med deg. Dersom du ikkje har kjemi, finn personen interessant/spennande/likandes eller har anna motivasjon enn at du skal gjere jobben håpar eg du får bytte ansvarsområde/oppgåver. Å gå inn i eit midlertidig oppdrag er ein ting, men skal du vere ein nærperson bør du ha ein positiv relasjon.
25/05/2016 at 11:12
Det er mye enklere å jobbe med personer viss de føler seg sett og likt – også meg som hjelper/ledsager ønsker jo det samme!
25/05/2016 at 11:46
av og til er brukeren et barn,og veldig viktig å bli sett og akseptert!Skjønner at profesjonalitet er et krav,men for barn blir dette vel kaldt.Utrolig bra skrefet!!!!
26/05/2016 at 15:09
Jeg har tidligere vært bruker og har aldri hatt noe behov for at noen liker meg men jeg har derimot hatt et behov for at dem har opptrådt profesjonelt.
Å like en bruker eller ikke vet jeg av tidligere erfaring at det fort kan føre til et sympati/antipati forhold.
26/05/2016 at 15:11
Beklager rot Steinar 1971 er Steinar Wangen