Vi starter april der det forhåpentligvis blir noko som ligne vår, varmare ver, og irriterande fluger, men april er også mnd der vi på verdsbasis sett fokus på autismespekterforstyrrelse.

Et innlegg av Ragne Beate Larsen, mamma.

I morgon er verdas autismedag, ein viktig dag for opplysning verda over, men for oss som lev med autisme i kvardagen så er ikkje ein dag med opplysing godt nok.

Vi treng forståelse 365 dagar i året.

Mitt håp for april er i år igjen at vi kan auke forståelsen og aksepten for desse unike menneska som ikkje tenke som som alle andre.

At vi klare å huske at har du møtt eit menneske med autisme, så har du møtt eit, og at samalikning med andre ikkje er vegen å gå for å gje akkurat dette mennesket den hjelpa og støtta som det treng.

Vidare vil eg seie at språk er ei styrke, men også ein hemsko, da overvurdering kan vere likeså gale som undervurdering, og at der er balansen som gir at vi får gått for gull!
Rett mengde utfordring, rett mengde skjerming for stress, og rett mengde tilpassing i forhold til situasjon.

For ingen situasjon er lik- og husk at desse menneska ikkje alltid klarer å generalisere lærdom fra ein situasjon til ein annan.

Asperger syndrom er heller ikkje «autisme light»- går du i den fella har du allerede missa eit vesentlig poeng.

Mange familiar treng mykje hjelp, andre treng lite.
Det er fordi nokre taklar ting på ein måte, mens samme ting kan være heilt uoverkommelig for den andre familien.
Dette er verken underlig eller merkelig, det er heller heilt steikje normalt!

For familiar som får autisme på besøk i heimen fekk ikkje noko forvarsel, instruksjonsbok eller kurs før autismen banka på døra.
Dei vart hiven i det med hud og hår, og med si eiga bagasje ilag med.
Vi må ha forståelse for at alle ikkje takle det likt.
Det er her vi skal hjelpe- ikkje dømme.

Som mamma skulle eg gjerne ha hive autismen langt pokker i vold! Men eg ville aldri bytta vekk gutane.
Og sjølv om autismen kan slite nervebanene mine i to, så kan eg heller ikkje la være å la meg facinere at deira måte å sjå livet på, elementa dei ser som vi andre overhode ikkje legg merke til.

Det handlar om detaljar, om teknisk innsikt, tall og hendingar.

Dei lev utan filter, kan få mor til å rødme, fortvile, og le hysterisk, og dei drive fram ein kjærlighet i oss foreldre som er vanskelig å klare å sette ord på.

Fordi den kjærligheten er både vond, vanskelig og så fantastisk på ein og samme gong.

Eg håpe april mnd kan gi deg ei innsikt i eit annerledes liv, gi deg som ikkje lev dette livet ein smakebit på både utfordring og styrker.

Ein forståelse for alle «nei» som blir sagt, alle nettene uten søvn, og alle valga som familiane må ta, som kan virke både usosiale og utrettferdige- men som må gjerast!

Også eg håpe det gjere deg interessert!
Interessert i å lære meir, interessert i å forstå!

Eg kan love deg ei interessant reise som vil rokke ved deg som menneske.
Som kanskje vil gjere at du sjølv sette spørsmålstegn ved eigne handlingar og handlingsmønster.

For det er slik vi kan hjelpe eit menneske med autisme, ved å gå i oss sjølv og prøve å forstå.

Ingen kur, ingen pille.

Men forståelse, toleranse tilrettelegging og ubetinga kjærlighet.

Og handling.

Mindre møter- meir handling!

Eg ønske dokke alle ein fin april, og håpe dei blå plakatane på Facebook veggen denne mnd kan bli lest.

Og lure du på noko?

Bare spør!

-Ragne Beate

Les også dette innlegget av Ragne fra 2016