Anne Hilde LystadOpplæringslova bør verne om elevane sin rett til riktig opplæring, ikkje om læraren sin rett til å ha monopol på undervisning. Det meiner eg, og no sa eg det.

Det har vært mye skole her på bloggen i det siste. Her kommer enda et innlegg. Det kan vel trykt kalles et hjertesukk. Et hjertesukk som etter min mening er helt på sin plass. Opp gjennom årene har jeg møtt mange engasjerte sosialarbeidere. Anne Hilde er en av dem som står høyt oppe på den listen. Jeg er glad for at jeg har fått sammarbeidet med henne ved et par anledninger. Hennes kompetanse og engasjement, særlig knyttet til en tverrfaglig skole, er strålende. Jeg er glad for at barnevernpedagog Anne Hilde Lystad er min neste gjesteskribent:

Oops! – der sa eg det høgt
Eg har lenge meint at der er oppgåver i skulen miljøterapeutar er betre kvalifisert for enn lærarar. Eg veit at mange lærarar meiner det same. Dei fleste av primæroppgåvene i skulen er læraren sjølvsagt den einaste kvalifiserte til, men ikkje alle. Heller ikkje alle innan opplæring/undervisning.

Oops! – der sa eg det høgt.

Det er ikkje lov nemlig. Ifølge opplæringslova er det berre pedagogar som kan undervise, og slik meiner nokon at det fortsatt skal vere.

Eg og for så vidt. Når det gjeld ordinær undervisning, og  den delen av spesialundervisninga som er innanfor kompetanseområdet til læraren. På det området læraren er utdanna til er læraren soleklart den beste, og einaste rette, til å ha desse oppgåvene.

Det er berre det at der er svært mange elevar som har andre behov, også i skuletida, enn det som er innanfor læraren sitt kompetanseområde. Mange av desse har såkalla ”ikkje utbytte av ordinær undervisning”, og har krav på spesialundervisning etter lova. Og den spesialundervisninga dei treng, er ofte ikkje innanfor kompetanseområdet til læraren.

Ikkje alltid innanfor spesialpedagogen sitt heller. Oops! igjen.

Derimot er det mange miljøterapeutar som har nettop den kompetansen desse elevane treng. Og det er det heldigvis mange rektorar, skuleeigarar og fagfolk i PPT som har forstått. Det jobbar difor mange godt kvalifiserte miljøterapeutar i skular rundt omkring nettop i spesialundervisningsstillingar for enkeltelevar med andre behov. Det har gitt elevar sjansar til å utvikle seg innanfor potensialet sitt, og har truleg spart kommunebudsjetta for mange pengar på sikt.

Så slik er realiteten rundt omkring i landet. Det jobbar hundrevis av kvalifiserte miljøterapeutar i spesialundervisningsstillingar, og gjer ein kjempejobb med mange heldige elevar – heilt ulovleg. Dei planlegg nemlig sjølv kva dei skal utføre av undervisning, og har ikkje veiledning av ein ansvarleg pedagog. Har de forresten møtt mange lærarar som meinar seg kompetente til å veilede dåkke med oppgåvene dykkar i skulen? Det er klart miljøterapeuten må planlegge sin del av spesialundervisning sjølv, det er jo denne som har kompetansen eleven treng på dette området.

Men no går eg altså alt for langt. Det har eg i alle fall fått beskjed om fleire gongar. – Våre profesjonar er hjarteleg velkommen inn i skulen, og vi må gjerne gjere alt det vi kan, det er supert, men vi skal altså IKKJE (spesial)undervise. Neivel. Men vi gjer det jo? Jada, men vi skal det ikkje.

Huff.

Kven er det til det beste for at berre pedagogar etter lova kan (spesial)undervise?

Elevane?

Eg trur ikkje det. Og sjølv om eg veit at enkelte er ueinige med meg, og anbefaler meg å meine noko anna, vil eg heller vere ”ei uredd stemme” og seie det høgt likevel:

Når opplæringslova no skal endrast må også miljøterapeutar få rett etter lova til å ha ansvar for den ”sosialfaglege delen” av spesialundervisninga. Og vernepleiarar bør få rett etter lova til å ha delar av opplæringsansvaret for dei elevane dei er den einaste profesjonen som er spesifikt utdanna til å lære opp.

Opplæringslova bør verne om elevane sin rett til riktig opplæring, ikkje om læraren sin rett til å ha monopol på undervisning. Det meiner eg, og no sa eg det.

Eg har forresten vore med å få på plass ei felles brosjyre med Utdanningsforbundet. Den er god, viktig og eit stort framskritt som gjev meg tru på at våre profesjonar kan få ein anerkjent og riktig plass i skule. Eg er stolt av den!

No må Stortinget følge opp med riktig lovendring. Våre profesjonar høyrer ikkje saman med dei ufaglærte eller barne-og ungdomsarbeidarane i lovendringa. Vi høyrer saman med dei som sjølv skal stå ansvarlege for å gi elevane den opplæringa dei treng for å utvikle seg best. Vi jobbar tverrfagleg SAMAN med lærar, ikkje under.